«Telenor må ikkje få kople ut bygdene»

Ein fiskeribedrift i Bremanger fant fast mobilt breiband frå Telenor alt for ustabilt. Difor krev storavisen Bergens Tidende (BT) på leiarplass: «No må Helleland sjå til at Telenor ikkje koplar ut bygdene.»

Publisert

Her er heile leiarartikkkelen i BT: «Internett har blitt grunnleggande infrastruktur. Difor det er djupt problematisk for folk og bedrifter på bygdene, at Telenor vil avvikle koparnettet i 2022.

Teknologien er utdatert, men alternativa er ikkje på plass endå. Då står folk igjen utan nett.

Ein slik politikk gjer det vanskelegare å bu på bygda.

I Bremanger held Firda Settefisk til, og denne veka testa dei mobilnettet som skulle erstatte dagens koparnett. Ifølgje Firdaposten var nettet for ustabilt til å fungere.

Fiber får dei ikkje, sjølv om kabelen går gjennom bygda. Telenor set nemleg eit minimumskrav knytt til kapasitet.

Ifølgje NRK lèt Telenor bedrifta halde på nettet litt til. Men når dei ikkje kan love betre dekning – eller fiber, er det vanskeleg å tru på at situasjonen skal bli betre.

Tidlegare i år var distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) positivt til konseptet «flytterett til eigen jobb», som Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) lanserte.

Det ville gjere det mogeleg for ein statstilsett i Oslo å ta med seg jobben til ein annan plass i landet. Digitaliseringa gjer det mogeleg.

God internettdekning reduserer avstandane i samfunnet, meir enn noko anna. Men det kjem ikkje av seg sjølv.

Regjeringa lanserte tidlegare i år ei satsing på utbygging av breiband i distrikta. Helleland sa då at det var eit demokratisk problem å ikkje kunne delta i digital kommunikasjon.

Problemet har blitt tydelegare under koronapandemien, på grunn at utstrekt brukt av heimekontor og videomøte. Men bygdene treng òg internett etter pandemien.

Regjeringa vert kritisert for at satsinga er «for lite, for seint». Dersom Telenor legg ned eit velfungerande nett før eit godt nok alternativ er på plass, har kritikken mykje for seg.

For då driv Telenor ei aktiv nedbygging av Distrikts-Noreg – med staten som majoritetseigar. No må Helleland sjå til at Telenor ikkje koplar ut bygdene.»

 

Powered by Labrador CMS